Publisert av: ingridmogstad | mars 11, 2010

Facebook på nynorsk

Eg er litt på etterskot denne veka, innlegget mitt skulle vore ferdig på onsdag. Slik blei det ikkje, er har rett og slett vore nøydd til å prioritere nokre andre fag fyrst. Betre seint enn aldri då.

Vi fekk i oppgåve å skrive eit innlegg på nynorsk denne veka, og eg tenkte å seie nokre ord om korleis det er å ha facebook på nynorsk! Det går nemleg an å skifte språk på facebook til dette vakre, poetiske språket, og det er ein god måte å få litt nynorsk inn i kvardagen på. Ikkje alle har tid til å lese bok på bok på nynorsk, eller bok på bok i det heile tatt. Då kan nynorsk på facebook eller på mobilen vere fint. Det er som med trening; litt er uendeleg mykje betre enn ingenting.

Eg synest at omsetjinga frå norsk til nynorsk er veldig god. For ein som har hatt UK English i fleire år var det ikkje berre interessant å se korleis «moderne» språk nyttast på nynorsk, det var også hysterisk morosamt. Ok, eg har lest Are Kalvø, men dette var som ein parodi frå «typisk norsk» eller noko, og hos meg fell det følgjeleg i smak. Nynorsk på facebook er som å se ein hund gå på bakbeina, eller som å se ein lærar på ein annan stad enn på skulen.

I staden for engelske «News Feed» på «Home», har eg no nynorske «Nyheitsstrøym»på «Heim». Eg er ikkje lenger singel, eg er utan fast følgje. Eg har ikkje «friends» eller «venner», eg har vener. Eg kan ikkje lenger se på «wall to wall» med folk eg har prata med, eg på gå på «tavlepraten». Eg postar ingenting, eg deler det. Det einaste eg har å klage på er omsetjinga av knappen «remove» som på nynorsk heiter «slett». Poenget med denne knappen er som eg har forstått det ikkje at du slettar posten, men fjernar meldinga om at du skreiv den frå sida di. Eg synest derfor at den skulle hette «fjern» og ikkje «slett». Eg fekk litt panikk då eg lurte på om eg hadde sletta alt eg hadde gjort på facebook den siste halvtimen, då alt eg eigentleg ville gjere var å skjule for andre kor pinleg aktiv eg hadde vore på face den dagen.

*Rettelse; eg så no at knappen heiter «delete» på engelsk likevel, men då er eg tverr og seier at den burde hette «remove» på engelsk også.

Også pc-en min snakkar annleis no. Den førebur data, og stadfestar at den er ferdig ved å seie at «data er sende». Eg stussa ein stund over at ikkje «facebook» var omsett til «Andletbok» eller noko liknande, men det vart før eg kom i hug at facebook er eit eigennamn og derfor sjølvsagt ikkje skal omsetjast.

Alt i alt har facebooken min fått eit litt meir poetisk preg, og eg kan kanskje ha litt betre samvit når eg sit der for lenge. Ja, den siste var tynn, men vi likar då lure oss sjølve litt i blant.

Advertisements

Responses

  1. Her var det mange interessante refleksjonar yver nynorsken og korleis han kan nyttast. Har du lest Tor Jonsson no då? Eller har Vesaas teke heile plassen aleine?

  2. Eg har nok ikkje kome så langt som til Jonsson førebels nei, Vesaas har fått vel mykje plass. Har også høyrd at Frode Grytten skulle vere bra, samt omsetjinga av Anna Gevalda til Nynorsk. Men eg skal prøve å ta ein kikk viss du anbefaler han:)

  3. Du lyt bruke ordet «tilrå» i staden for «anbefale». Det høyrast meir genuint ut. Om eg kan tilrå han ja? Her er eit døme på diktinga hans:

    Eg åtte ikkje kjærleik
    men tala pent med englemunn
    og alle mine tome ord
    gjer stygg mi levestund

    Eg såg det vonde koma
    og visste kva det gjaldt
    men åtte ikkje kjærleik
    og difor sveik eg alt

    Eg brann for alle arme
    og stod i broderring
    Men åtte ikkje kjærleik
    og difor er eg ingenting

    Gjev meg svolt og svide
    Gjev meg einsemd på ei øy
    Den som elskar han skal sigre
    over døden ved å døy

    Eg åtte ikkje kjærleik
    og difor er eg jord
    Men kanskje finst eit rike
    Der einast kjærleik gror

    Døden går i verda
    Skapar dagen om til natt
    Der skal døden overvinnast
    Kjærleik einast leva att

    Gjev meg gull og grøde
    Gjev meg meire enn eg treng
    Ein gong skal eg døy i einsemd
    lik ein fugl med broten veng

  4. Ca like optimistisk som Bjørneboe det der. Men veldig fint, likte rytmen. Har han skrive noko anna enn diktsamlingar? Som du tilrår med trykk på tilrår?

  5. Han var journalist og skreiv også prosa, men han hugsast som lyrikar. Og jau, han er nok mange gonger særs negativ og pessimistisk, men andre gonger er han i stand til å sjå dei ljose sidene ved tilværet.
    Eg kan og seie deg at det mange gonger er ein eigen masochistisk glede i diktninga hans over det faktum at han lir. Det tyder på et sinn som sakte gjekk sund og som til slutt ikkje kunne ta meir og difor var sjølvmordet alltid nær Jonsson.

    Om du ser på diktet eg posta så er det jo ikkje nett vanskelig å sjå den grufulle sjølvforakta som ligg i mannen. Men er det ikkje nett hos slike menneske det megalomane også finst?! Den her merkelege kjensla av å vere utvald som mange kunstnarar har. Nett det faktum at dei lir og slit med vonde kjensler og sjølvforakt tyder på, etter eigen uppfatning, at dei er utvalde og spesielle!
    No, vi lyt prata meir om nynorske diktarar og andra galningar seinare…

    Her har du heile bibliografien hans:

    * Mogning i mørkret (lyrikk) 1943
    * Berg ved blått vatn (lyrikk) 1946
    * Jarnnetter (lyrikk) 1948
    * Nesler (artikler) 1950
    * Ein dagbok for mitt hjarte (lyrikk) 1951
    * Siste stikk (enakter) 1951
    * Prosa i samling (prosa) 1960
    * Diktning (dikt og prosa) 1963
    * Og evig er Ordet (lyrikk i utvalg v/Reidar Djupedal) 1970
    * Kvite fuglar (lyrikk i utvalg v/Otto Hageberg) 1978
    * Ved grensa (tekster i utvalg, ill. av Anders Kjær) 1995
    * Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller (prosa i utvalg, ved Ingar Sletten Kolloen) 2000

  6. haha ja eg lyt vel lese litt galningar, er visst nok å ta av! takk for tilrådinga (samt ordet «tilrå» sjølvsagt)


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Kategorier

%d bloggers like this: